|
Sist oppdatert 05.03.06
Bana
Her er link til kart,
slopetabell-Herrer og
slopetabell-Damer for bana til
Selje Golfklubb.
Bana 5 år Klubben vart stifta 30. oktober 1997, og
arbeid med å etablere ei 6 hols bane vart straks oppstarta. Fyrste
vinteren / våren vart det laga til driving range, og det vart
innkjøpt ballautomat. Mykje småskog langs Hamreelva vart rydda bort,
tynna ut og stelt. Etter kvart framstod området som eit parkområde
med gamle steingjerde, ei vakker elv og fin lauvskog.
Våren kjem tidleg i Selje, og etter iherdig innsats kunne bana
offisielt opnast 1. mai 1998 med representantar frå Norges
Golfforbund til stades.
Naturbane Bana omfattar innmarka til fleire småbruk som
det ikkje lenger var lønt i å drive som tradisjonelle
jordbruksareal. Eigarane var derfor positive til planene til
golfklubben. Dei såg fram til at området skulle bli slått og stelt,
og golfklubben har fått frie hender med omsyn til nødvendig
forbetringsarbeid. Den fyrste tida vart det teke opp ein del grøfter
som gjennom åra hadde gått tette, og dette arbeidet er endå ikkje
ferdig.
Steingjerde I baneområdet er det mange gamle
steingjerde. Desse har ikkje alltid hatt same verdi som vi meiner
dei har i dag. Nokre plasser treng dei derfor litt opprydning og
stell - eit arbeid vi ser fram til å gjere. Desse er med på å gje
bana eit særpreg som vi er stolte av.
|
|
Utvida til 9 hol For golfklubben vart det neste måle å
utvide bana til 9 hol. Arbeidet gjekk litt tregt eit par år, også
litt fordi det var nødvendig å «konsolidere» økonomien. For ein
liten klubb er utgiftene til nødvendig maskinelt utstyr tunge.
Etter at klubben fekk avtale med alle 7 grunneigarane i området
Hamre / Djupedalen, kunne ein starte eit meir målretta arbeid ut på
sommaren -02. Klubben har fått verdifull støtte av entreprenør
Oddgeir Kvernevik (hovudsponsor), som har vore svært positiv
og rimeleg ved leige av maskiner.
Dugnad Arbeidet med «fairway»'ane vart for ein stor del
gjort i 2002. Om vinteren rydda dugnadsgjengar småskog på området,
og laga bruer over Hamreelva (som renn gjennom området).Vinteren
2003 byrja arbeidet på 5 nye «green»'ar. Med stor innsats frå
nærmedlemmane vart desse planerte og sådde. Midtsommars 2003 kunne
vi derfor utvide bana til 9 hol (med 5 provisoriske greenar).
Det er vel rett å nemne at det er nokre få av nærmedlemmane som
har lagt ned utruleg mykje tid til dugnadsarbeid for klubben. Dette
kan vi berre glede oss over. Men for klubben er det viktig at vi
over tid får delt byrdene på fleire.
Etter utvidinga vart bana endå meir spennande og utfordrande. I
november 2004 har NGF slopa bana, som no altså er ei fullverdig 9
hols konkurransebane.
Vi vil oppfordre fjernmedlemmane våre til å ta turen til Selje
for å oppleve bana. |
|