SISTE:

Ny dato for NordVestTour/Selje Open

NVT Selje Open er flytta til 28.mai(2.pinsedag).

Nordea Pairs som var sett opp på den datoen er utsett.
Sjå ellers terminlista.

 

 

 

 

 

 

 

Selje Golfklubb på Facebook

Golfklubben har fått eigen profil på Facebook.
Denne finn du her:
http://www.facebook.com/seljegolfklubb

 

Turneringshistorikk 1999-2011
Her finn du oversikt over alle turneringsvinnarane frå starten i 1999 og til 2011 (pdf-fil).
Gjeldande banerekordar for Selje Golfklubb finn du her.

 

Referat årsmøte Selje Golfklubb 2012

Det vart halde årsmøte i Selje Golfklubb torsdag 26.januar 2012 i klubbhuset.

Referat frå møtet kan du lese her.

 

Vinterkarusell 2011/2011

Vinterkarusellen for vinteren 2011/2012 er i gang. Den vil gå kvar søndag kl.12.00, så sant vær og føreforhold tillet dette. Turneringa vert gjennomført i samme format som Sommarkarusellen.

 

Golfproffar i Selje

Fredag 23. og laurdag 24. september arrangerte Selje golfklubb inspirasjonshelg på bana i Selje. Klubben hadde besøk av Cecilie Lundgreen, Laurette Maritz og Reeve Nield. Laurette og Cecilie spelar på Europatouren for kvinner, Laurette er inne i sin 24.sesong, Cecilie i sin 13.sesong. Reeve er trenar for begge damene. Ho har arbeidd på dette nivået i over 10 år. Det var altså tre kanoner som møtte oss og vi fekk eit fyrverkeri av ei oppleving. Som profesjonelle spelarar reiser dei omtrent verda rundt og spelar heile året. Denne helga hadde dei fri sidan det var SOLHEIM CUP i Irland, slaget mellom Europa og USA. Dei var i distriktet på privat besøk og valde å bruke to dagar saman med oss i Selje. Det vart reine julekvelden to dagar til ende for dei til saman 30 spelarane som var med på kurset. Proffane viste slag med eit presisjons-nivå vi berre kan drøyme om, naturlegvis. Etter denne oppvarminga tok alle tre seg god tid til å rettleie kvar av oss i både lange slag, korte slag nær greenen, slag frå sandbunkeren og, ikkje minst, korleis lese greenen for å slå sikrare puttar. Alt i alt gav desse tre proffane hobbygolfaren her i Selje eit stort løft, inspirasjon til å terpe på slag og, mest av alt, minne oss på at dette er ein fasinerande hobby. No, etterpå, sit vi att med stor takk til Cecilie. Laurette og Reeve. Dei gav oss ei fantastisk helg. Kanskje kjem dei att til våren. Vi gler oss allereie.


Cecilie Lundgren, Lauriette Maritz (foran ) og Reeve Nield

Regionsfinale Silver Challenge.

 Alexander Brekke /Vanylven GK og Reinhart Halsør / Selje GK  vant regionsfinalen i Silver Challenge på  Bjørnefjorden Golfklubb på Os lørdag. For denne seieren blir de belønnet med en uke på La Manga i april neste vår der det skal spilles landsfinale over 4 dager. Silver Challenge er en landsomfattende par – turnering. Spilleformen er stableford fourball med ¾ hcp over 18 hull. Etter kvalifiseringsturneringer på klubbnivå går vinnerne til regionsfinaler. 13 par fra hele landsdelen deltok og fikk en tøff runde på en meget regntung bane. Brekke/Halsør oppnådde 42 poeng og var med 1 poeng foran paret på andreplass.

 

Info om Nord Vest Tour

Alt du trenger å vite om Nord Vest Tour ligger nå i Golfbox. Logg inn, gå til turneringer, søk på Nord Vest Tour

Eclectic – tillegg til Sommerkarusellen.

Dersom du lurer på hva ordet betyr henviser eg til Kenneth Rusten. I år vil vi legge inn en ekstra turnering i Sommerkarusellen etter en ide lansert av Vanylven. Det vert premiering til dei 3 beste. Den beste bruttoscoren du oppnår på kvart hol gjennom sesongen vert sett saman til ei ”superrunde”. Ei ellers elendig runde kan då gje gode scorer til eclectic-runden.

Referat Årsmøtet 2011  
Torsdag 27. januar 2011 vart det halde årsmøte i Selje Golfklubb. Referat frå årsmøtet finn du her.

Turneringshistorikk 1999-2009
Her finn du oversikt over alle turneringsvinnarane frå starten i 1999 og til 2009 (pdf-fil).

Nye slopetabellar for Selje Golfklubb
Bana vår vart i haust re-slopa. Vi har no fått tilsendt dei nye slopetabellane. Desse finn du her (Herrer) og her (Damer).

Golfvett og reglar
NGF har laga eit samandrag om golfvett/etikette og reglar for å gje nybyrjarar og alle andre inspirasjon til å repetere og lære ting som alle golfspelarar bør kunne.
Denne finn du her. (PDF-fil, 25Mb)

 

Støtt SELJE GOLFKLUBB via Norsk Tipping!Frå 1. mars 2009 kan du hos Norsk Tipping bestemme at Selje Golfklubb skal motta inntil fem prosent av innsatsen din.
Les meir her.

Avtale med Vanylven
Medlemmer av Selje GK får dei same rettighetene på bana til Vanylven GK som dei har i Selje (nedsatt greenfee/fri spelerett) utan ekstra kostnad. Det betyr at medlemmene i dei to klubbane får to ” heimebaner ”. Vi er svært glade for denne utvidinga av samarbeidet med Vanylven GK.