|
Selje
Golfklubb
Ein komplett oversikt over dei ulike komitéar og utval i klubben kan du finne her. Selje Golfklubb ynskjer alle medlemmar velkomne til heimesida vår. Selje Golfklubb vart stifta
30. okt. 1997. Vi har alt opparbeidd oss eit relativt høgt medlemstal. Ein
vesentleg del av dette er fjernmedlemmar, noko vi set pris på og vil gjere vårt
beste for å yte forventa service. Men vi har òg ei aktiv kjerne av lokale
golfspelarar.
|
Sommaren 2001 tok klubben over bana frå tidlegare Selje Golfpark. Vi har no leigeavtale med 7 grunneigarar og har utvida bana til 9 hol. Sjå sida for bana. Vi takkar for mange hyggelege tilbakemeldingar frå medlemmane våre. Klubben vil framleis arbeide hardt for å gje alle god og personleg service. Samstundes vil vi legge til rette for at alle skal finne Selje Golfbane attraktiv for spel i eit roleg, naturfint område. Fjernmedlemmar oppfordrar vi til å legge turen til Selje - vi har mykje å by på også utanom golf. |